Klikk deg inn på resultat 2020, under fjelltrimmen, for oversikt etter oppteljinga i fjor.
Oppdatering vedrørande aktivitetsplan ljosløypa og renn.
Oppteljinga etter Fjelltrimmen 2020 er godt igong, resultatet vil verta publisert
så snart det er klart.
Treningssenteret
Slik ser det ut på treningssenteret no.
Det har vore til stor irritasjon at medlemene i JIL må betala bompengar for å koma opp til lagshuset på Storemyr, 50 kroner om vinteren og 100 kroner om sommaren. Styret har vendt seg til Ullensvang kommune med framlegg om at bommen vert flytta opp til Vassdalsvatnet, alternativt at bommen er kopla ut i vintersesongen. Til dette har kommunen sagt nei!
Som eit kompromisss har Ullensvang kommune gjeve medlemene i JIL høve til å kjøpa årskort til Fonnavegen for 500 kroner, altså halv pris. Rett etter nyttår sender JIL ei medlemsliste - altså alle som har betalt kontigent for 2020 - til Odda Parkering, som administrerer bompengane for Fonnavegen. Dei sjekkar at alle som kjøper årskort til halv pris er medlemer av JIL.
Dersom du er usikker på om du har betalt for 2020 send ein epost til kasserar Camilla Øvsthus Bergesen ( Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. ), så får du svar.
Fotballgruppa ynskjer alle trenarar, spelarar og foreldre
ei riktig god jul og vel møtt til eit nytt og aktivt fotball-år 2021!!
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.