VektLoeft

Aktivitetstilbod i Jondal
  
Hjertestartar
JIL Hjartestartar
HomeJILSkiLjosløyperennLjosløyperenn 31.01.2021

JIL

Skirenn i ljosløypa sundag 31. januar kl.13

SkiloepararSkigruppa ynskjer velkomen til vinterens fyrste skirenn på Storemyr. Me opnar for deltaking for alle til og med 18 år. Born til og med 12 år deltek i Telenorkarusellen, som har eigen premiering. 

Påmelding på heimesida (www.jondalidrettslag.com) innan sundag kl.1000. Også føresette og andre må registrera seg her.
Framgangsmåte: Klikk på "Ski" i toppmenyen og gå til 2021-sesongen. Der ligg skjema til påmelding.
All deltaking er gratis!

Rennet for aldersklassar 13-18 år går i klassisk stil !

Desse smittevernreglane gjeld:

• påmelding - både av deltakarar og publikum - skjer digitalt så langt det er mogleg. Her melder du deg på skirenn !
• avkryssing av alle etter kvart som dei kjem, der ein og legg til dei som ikkje har greidd å melda seg på digitalt.
• ingen aktivitet inne - berre toaletta er opne.
• ikkje kafedrift.
• ope berre for deltakarar/føresette/publikum som har tilhald i gamle Jondal kommune.
• einmetersregelen gjeld så langt det er mogleg.
• alle med feber, forkjøling eller andre symptom held seg heime.
• maksimalt 200 personar (deltakarar, funksjonærar og publikum).

Minner om at alle medlemer i JIL kan kjøpa heilårskort til Fonnavegen for halv pris (500kr). Dersom du sender ein epost innan fredag morgon til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. , vert bilen din registrert i systemet på fredagen. Merk e-posten "Fonnavegen JIL" og oppgje namn, adresse og registreringsnummer på bilen. Faktura kjem i posten.

Velkomen til skiglede på Storemyr!

For Skigruppa,
Lars Flatebø

 

SMITTEVERNPROTOKOLL  FRÅ  NORGES  SKIFORBUND

 

Skisporet - Vassendløypa

grasrotandelen

 

JIL logo - laga av Roar Svåsand

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 
Tips for å sjå bilete i bakgrunnen:
 
Ctrl  - (minus på num. tastatur)
Ctrl + (pluss på num. tastatur)
Eller Ctrl + rullehjul på PC-mus

Statistikk

Besøkande
15
Artiklar
212
Nettlenkjer
9
Artikkelvisingar
699416

Sponsorar JIL

Logo-Statkraft

Logo-Spilde

Logo-JanMo

 

 

 

 

config

FacebookBIG

JIL aktivitetskalendar

March 2021
M T W T F S S
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31 1 2 3 4

Siste aktivitetar

No events

Twitter JIL

Værmelding for Jondal

email
Jondal Idrettslag
5627 JONDAL
e-post: 
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
org.nr.: 987 661 011
bank kto.: 3450 27 03228
Go to top