Fjelltrimmen på tur til Melderskin
Ein sundag i august arrangerte Fjelltrimmen fellestur til Melderskin i Kvinnherad, fjellet som også er kalla for "dronninga blant Hordalandsfjella". Fjellet ruvar 1426 meter over havet, og med eit utgangspkt. på omlag 150 moh, så er det ein del høgdemeter som må forserast før ein når toppen! På heimesida til visitsunnhordland finn ein ei detaljert skildring av turen, som er merka som "svart", og har fire støvlar etter DNT-systemet.
18 deltakarar frå Jondal var med, med eit aldersspenn frå 9 år (Runar) til 73 år (Bjørg). Alle like spreke og uthaldande (!), og med Tor Storegjerde som turleiar og historieforteljar undervegs, vart det ein fin tur for oss alle sjølv om veret ikkje var det aller beste. Sundagsmorgon var både grå og regn-/skoddetung, så .den flotte utsikta var det ikkje i løpet av turen, berre siste halvtimen på returen fekk me sjå kva terreng me eigentlig hadde gått i ! (For oss med moderat høgdeskrekk var kanskje dette like godt ... )
Avreise frå Jondal litt over kl 9 sundagsmorgon, og heime igjen omlag kl 18 om kvelden. Heimkoma sjølvsagt litt avhengig av kor lang pause kvar enkelt trong ved retur til Rosendal med trong for å pleia såre bein og svoltne magar!
Her er ein del bilete frå turen: