Fjelltrimmen - Fellestur frå Torsnes til Gjetingsdalen
Her er ein blid gjeng på 16 sprekingar som gjekk frå Torsnes til Gjetingsdalen, sundag 31. august 2014:
Margit Flatebø, Trygve Baggegård Myrlid, Sigrun Bø, Bjarne Alsaker, Ståle Brattebø, Johannes Brattebø, Olaf Mannsåker, Jakob Eitrheim, Olav Saue, Eli G. Torsnes, Nina N. Torsnes, Øystein Torsnes, Guttorm Torsnes, Jan-Åge Iversen, Borghild Galtung, Berit Grønstad.
Turen starta kl 09 sundags morgon på Torsnes (ved Jondalstunnelen) og vart avslutta 8 timar seinare i Gjetingsdalen på andre sida av fjellet. Turen var eit samarbeid mellom Fjelltrimgruppa i Jondal Idrettslag og Odda og Ullensvang turlag.
Ved starten på Torsnes var det overskya ver, men fin temperatur for ein sundagstur. Etter kvart som me kom oss oppover i fjellet vart det lettare, og ved ankomst Gjetingsdalen var det sol og fin sommartemperatur.
Turen gjekk frå Torsnes og opp til hytta i Daurmålsdalen, der me hadde ein liten pause. Derifrå gjennom dalen vidare innover og opp skardet og opp til hytta ved Demmevatnet. - Mykje stein, og mykje ur, men opp kom me m.a. ved hjelp av tau det brattaste partiet.
Ved Demmevasshytta var det ein lengre matpause og litt kvil for trøytte leggjer.
Vidare frå Demmevasshytta gjekk turen via Store Solbjørvatnet til Grønhaug og Kvanngrød.
Der hadde me også ein pause, med nydeleg utsikt utover fjella i Kvinnherad; Sundal, Bondhusbreen, Keisarstigen og Fonnabu.
Derifrå nedover til Måvatn og endestasjon ved skogsvegen øvst i Gjetingsdalen. Der hadde me to bilar som venta, og medan dei køyrde attende til Torsnes med fulle bilar, gjekk me 6 gjenverande vidare nedover Gjetingsdalen og ned til Eikenes. Der venta me til bilane kom i retur og alle kom seg heim igjen utan altfor mykje gnagsår og såre tær.
Ein tur som vil sitja lenge i minnet, som mange fleire burde vore med på !
Kjentmann og turleiar som losa oss vel fram over fjellet var Øystein Torsnes.
Her er bilete frå turen: