Fellestur i regi av Fjelltrimmen 28. juni
Sundag 28. juni arrangerte Fjelltrimmen fellestur rundt Samlen, og 18 sprekingar stilte opp for felles avgang kl 10 om morgonen. Utgangspunkt var på Litlåsen i Ullensvang kommune, og målet for turen var i Mæle i Jondal. Nedanfor finn du litt meir info, samt ein god del bilete frå turen!
Turen starta som sagt på Litlåsen, og var ferdig ved ankomst Mæle i Jondal. Her er eit kart over turen:
Det var fint opphaldsver under heile turen, og undervegs skein sola også opp etter kvart. Alle stilte med godt humør, og luffa av garde i bedagelig tempo. Dette er ein tur som for det meste går langs strandkanten, litt opp og ned undervegs. Turen passar for alle og er ikkje anstrengande for nokon som er litt vant til å gå turar. Berekna tid på turen var ca 4 timar, noko som stemte godt for den gjengen som stilte opp. Me kunne gjerne vore fleire, men slik vart det no denne gongen.
1 - Fagertveit
2 - Samlaneset, lengre rastepause med inntak av niste samt grilling av pølser
I løpet av matpausen hadde Steinar Smith eit "lynkurs" i kva
kjuke er, og kva/korleis dette kan nyttast... m.a. til å produsera heimelaga papir!
3 - Ystevik
4 - Grimsdalen
5 - Dysvik
6 - Kisgruve (nedlagt)
Mælen
Dei 18 som var med på turen:
Guro Selsvik Stendal, Torbjørn H Selsvik, Gunvor Bringeland, Steinar Smith, Grete Vik, Oddveig Vetlesand, Kjell Selsvik, Sofie Flatebø, Åse Rosseland Digranes, John-Olav Digranes, Øystein Torsnes, Lars Olav Haugen, Trygve Baggegård Myrlid, Sveinung Selsvik, Bjarte Vikane, Elna Sofie Storegjerde, Sissel Ljones, Jon Colbiørnsen
Her er ei samling av bilete frå turen: