Oppdatert informasjon vedrørande turløypa
Nedanfor er ein del oppdatert informasjon pr. 2016 frå Sveinung når det gjeld turløypa i området Vassenden - Herandsfjella.
I 2013 vart det starta opp med eit prosjekt som går ut på å få ei skiløype i området Vassenden - Fodnastøl. Initiativtakar til prosjektet har vore Sveinung Selsvik.
Her er ei oppsummering frå Sveinung vedrørande status i prosjektet:
*Dette er eit samarbeid mellom Herand og Jondal IL. Jondal IL har teke seg av arbeid og kostnader Djupadal – Bjønndalane. Herand IL Bjønndalane – Fodnastøl
* Det har vore ein fantastisk vilje til å få vera med på dugnad. Alle ser på dette som eit svært positivt tiltak.
* Har kome opp i ca 1900 timar med dugnad og rundt 60 personer har delteke.
* Reknar løypa for ferdig i denne omgang, men ser at det er nokre enkle tiltak som må gjerast til sommaren 2016.
* Heile løypa er fullfinansiert med spelemidlar (600.000)+ tilskot frå Sparebankstiftinga Hardanger og Sparebanken Vest.
*I 2015 bygde Jondal IL garasje til løypemaskina og eit grindbygg (Vassendebua), desse er kosta av Sparebankstiftinga Hardanger.
*Eit tilsvarande grindbygg vert bygd av Herand IL inne ved Fodnastøl, sommaren 2016. Denne er og kosta av Sparebankstiftinga Hardanger.
* Desse grindbygga har bord og benker + bålpanne, og kan nyttast av alle.
*Løypemaskin er innkjøpt av Jondal IL og kosta av lokalt næringsliv, Norges Skiforbund, Sparebankstiftinga Hardanger og anonyme gåver.
Her er løypekart
Her er .PDF-dokument for oppdatert status
Takk til alle som har gjort dette mogeleg !
Til slutt ein del bilete frå Sveinung :