Skisesongen 2019
Nedanfor er planlagt oppsett for skisesongen 2019. Dei tre fyrste renna har blitt avlyst
på grunn av manglande snøforhold, men med snøen som no har komme ser det ut for at
det blir renn vidare framover.
Funksjonærane må møta seinast kl. 17:30 fredagskveldane og kl. 12:30 sundagane.
Skigruppa har også i år valgt å vera med på TelenorKarusellen [(T) = Telenorkarusell ], som er eit samarbeid mellom Skiforbundet og Telenor. Her er meir utfyllande informasjon om Telenorkarusellen 2018/2019 frå Norges Skiforbund. Det vert spesiell premiering til alle som melder seg på Telenorkarusellen.
Telenorkarusellen gjeld for born 12 år og yngre, dvs fødd 2007 og yngre. Alle desse får premie ved 1. gong påmelding til Telenorkarusellen. (kr. 200)
For dei som er 13 år og eldre gjeld framleis at ein må vera med i minst 4 av 6 renn for å få permie.
Her er Noregs Skiforbund sine reglar og retningslinjer for deltaking i skirenn, m.a. reglar for skilisens og klasseinndeling i skirenn.
Jondal kommune har justert takstane i vintersesongen (01.11.18-01.04.2019) for bommen ved Lauvbrua, ref. utdrag frå Gebyrheftet for 2018:
mvh skigruppa, ved
Olav Espeland / Eldbjørg Sollesnes / Lars Flatebø / Ingrid Helena Jondahl