Skisesongen 2020
Nedanfor er planlagt oppsett for skisesongen 2020. Dei tre fyrste renna har blitt avlyst
på grunn av manglande snøforhold, så framtida får visa kva tid ein startar opp.
Oppdatering 12.02.20: Det har kome snø dei siste dagane, og skigruppa vil prøva å
få arrangert renn fredag 14.02.20. Dei som er sett opp på 1. ljosløyperenn er tiltenkt å stå for rennet.
Funksjonærane må møta seinast kl. 17:30 fredagskveldar og kl. 12:30 sundagar.
Skigruppa har også i år valgt å vera med på TelenorKarusellen [(T) = Telenorkarusell ], som er eit samarbeid mellom Skiforbundet og Telenor. Her er meir utfyllande informasjon om Telenorkarusellen 2019/2020 frå Norges Skiforbund. Det vert spesiell premiering til alle som melder seg på Telenorkarusellen.
Telenorkarusellen gjeld for born 12 år og yngre, dvs fødd 2008 og yngre. Alle desse får premie ved 1. gong påmelding til Telenorkarusellen. (kr. 200)
For dei som er 13 år og eldre gjeld framleis at ein må vera med i minst 4 av 6 renn for å få permie.
Startkontingent born (0-12år) kr 200,- (eingongsbeløp)
Born 13-16 år: 50,- Vaksne: kr 100,-
Her er Noregs Skiforbund sine reglar og retningslinjer for deltaking i skirenn, m.a. reglar for skilisens og klasseinndeling i skirenn.
Tidligare Jondal kommune justerte takstane i vintersesongen (01.11.18-01.04.2019) for bommen ved Lauvbrua, ref. utdrag frå Gebyrheftet for 2018:
Same prisane gjeld også for denne sesongen.
mvh skigruppa, ved
Olav Espeland / Eldbjørg Sollesnes / Lars Flatebø / Ingrid Helena Jondahl