Symjegruppa i Jondal Idrettslag.
Symjegruppa har trening i sesongen 2020/2021
Det er trening kvar måndag mellom kl 18.00 og 19.00, målgruppa er born i alderen 2. til 5. klasse.
Torsdagar er det trening mellom kl 19.00 og 20.30, målgruppa er ungdom i alderen 6 klasse til 100 år
Etter kvart vil ein prøva å få med fleire foreldre som vakter.
Det vil vera berre ei trening per mandag
Det er oppretta gruppe på Facebook for program og endringar i symjegruppa:
Alle ressurspersonar skal ha livredningskurs, og ved interesse så kan foreldre som vil vera med ta kurset.
Gruppa har ei målsetjing om å få delta på eit symjestemne i løpet av sesongen.
Idrettslaget har midlar til kurs og trening i regi av symjeforbundet, og her satsar symjegruppa å søkja om midlar for å heva kompetansen til dei som er ressurspersonar i gruppa.