Treningssenteret
Slik ser det ut på treningssenteret no.
Diverre tillet ikkje smittesituasjonen at treningssenteret vert opna med det fyrste. Før me opnar må det og takast ei avgjerd om driftsform - om drifta skal baserast på dugnad eller på tilsett personale. Årsmøtet i JIL har bestemt at Treningssenternemnda (Ingrid Guntveit, Sigrid Brattabø Handegard, Ida Sørheim, Jarle Jensen Toen) skal kalla medlemene inn til møte for å få deira syn på saka. Eit slikt møte er heller ikkje mogleg å gjennomføra med det fyrste.
JIL ser fram til at medlemene kan få ta i bruk det flotte treningssenteret, og me vonar at smittesituasjonen gjer det mogleg å starta opp på nyåret ein gong.