Herand Rundt 2018
2. pinsedag, 21. mai 2018 vart det tradisjonsrike terrengløpet "Herand Rundt" arrangert i strålande solskin og fint varmt vårver. Svært mange hadde funne vegen til Herand, det er mange år sidan at det har vore meir enn hundre deltakarar på dette fine arrangementet.
Vandrepokalane vart vunne av Synneva Traa Carlsen og Endre Berg Leiren. Raskast i den lengste løypa var 13 år gamle Sondre Brattabø med tida 16:10. Imponerande!
På biletet er vinnar av kvit løype, klasse gutar f.2002/2003, Kristian Baggegård Myrlid i fint driv rett før mål.
Her er resultatlista for Herand Rundt 2018
Ein del bilete frå arrangementet: